Weekly News

Å reise øker 
forståelsen 
for andre LIVSSTIL

Å reise øker 
forståelsen 
for andre

Gunnar Garfors har besøkt alle verdens land. Han anbefaler andre å reise for å få nytt blikk på eget selvbilde.

– Det er ingenting som utvidar horisonten, stimulerer kreativiteten og aukar forståing for andre sine situasjonar som det å reise. Å sjå og oppleve andre menneske sine kulturar, skikkar og leveforhold generelt gjer at sjølv dei minst empatiske av oss går litt i seg sjølv, sier han.

Gardfors er født i Hammerfest, vokste opp Naustdal i Sunnfjord og har bodd diverse steder i Norge og utlandet. Han ble den første i verden som besøkte alle land i verden mens han hadde fast jobb. Vi spør ham om det passer for alle å reise:

– Å reise passar for absolutt alle, men omfanget er heilt individuelt. Og gløym ikkje at mange er veldig nøgde med å reise i sitt eige heimland, eller til og med i eige heimfylke. Ingenting gale med det. For meg vil det å ikkje å reise vere ei fornærming mot mi nysgjerrigheit og mitt intellekt. Tenk berre kor ignorant det er i høve omverda samt andre folk og kulturar å ikkje vere villeg til å ta turen ut av vår eiga vestlege boble, eller å ikkje vere villeg til å møte andre reisande velkomne inn. Det kan vere med på å forklare rasisme og manglande forståing og empati for andre folkeslag og kulturar. Vi ser dessverre veldig mykje av det i ulike norske kommentatorfelt. Kanskje kan det skuldast manglande reising, eller i alle fall reising som ikkje inkluderar det å faktisk ta til seg det ein ser. Mange reiser berre saman med andre frå sitt eige land, og har knapt ein einaste samtale med dei lokale som faktisk bur på reisemålet, bortsett frå ein og anna kelner og sjåfør, sier han.

Hva har reisene gitt deg?

– Det viktigaste var å innsjå at folk uansett kvar dei bur ser på sitt folk og sitt land eller sin region som midtpunktet i verda eller verdas navle. Og sjølvsagt gjer dei det. Det er der dei har vakse opp, det er heimstaden dei kjenner og har eit forhold til. Alle andre stader er berre der ute. Kanskje med unntak av USA som på mange måtar har kuppa delar av populærkulturen gjennom TV, film, musikk og det å bevisst dele sitt verdsbilete etter beste evne. Mange føler derfor at dei kjenner USA betre enn andre land, men likevel er det slik at folk i for eksempel Burundi, Tuvalu, Dominica og Paraguay alle ser på seg og sin kultur som normen, sier han.

Det kan være en øyeåpner å se den vestlige verden utenifra. I Norge er vi privilegerte med et demokratisk samfunn, fungerende infrastruktur, fred og høy levestandard, men slik er det ikke i svært mange andre land.

Har du hatt utfordringer når du har reist?

– Heile tida. Det å reise, spesielt når ein reiser uorganisert som eg stort sett gjer, er på mange måtar som å spele eit dataspel. Du veit aldri kva som kjem til å skje eller kva du kan forvente å oppleve før du står midt oppi det. Men eg likar utfordringar, og eg er impulsiv så det held. Det er det ikkje alle eg har reist med som har likt like godt. Utfordringar overvinnast ved å ha eit ope sinn og ikkje kaste vekk tid på å fortvile over at ting ikkje går slik ein ønskjer, det hjelper uansett ikkje. Tenk så kjedeleg om alt alltid går etter planen? spør han.

Hvorfor kan andre gjøre som deg?

– Spørsmålet er kanskje helst kvifor dei skal, ikkje kvifor dei kan. Vi har pengar til det, vi har lov til å gjere det og vi har eit pass som er blant verdas sterkaste. Men, dette privilegiet må vi ikkje gløyme når vi er ute og reiser. Så, ver så snill, legg igjen det ein måte ha av norsk, skandinavisk eller vestleg arroganse heime. Vi skandinavar kan forresten vere klar over at vi vert sett på som kalde og upersonlege av folk frå veldig mange andre land. Eg trur mykje er fordi vi er sjenerte og ikkje vande med å helse på folk vi ikkje kjenner. Smil til folk du ikkje kjenner og sei hei. Det opnar mange dører å vere imøtekomande og smile til andre. Det er til og med gratis. Og veldig avvæpnande. Litt trist at eg i det heile føler at eg må bruke tid på det, men eg får faktisk ofte spørsmålet om kvifor vi som er så lukkelege er så kjipe og kalde. Eg skreiv nyleg ein artikkel i The Guardian om at Noreg no er verdas lukkelegaste land, og eg har fått ein del syrlege kommentarar frå folk over heile verda etter det.

Han har jobbet mange år som radiodistributør i NRK. Han har reist innom alle Norges fylker på en dag, vært toppskårer i fotballklubben i Førde og spilt i britiske Falmouth Town.

Hva gjør du nå?

– No skriv eg bok om verdas minst besøkte land. Det seier seg sjølv at vi snakkar om reisemål dei aller færraste nokon gong i det heile vil vurdere å besøkje, så eg reiser på ein måte for lesarane mine. Og så vonar eg at eg inspirerer nokre få til å faktisk besøkje eitt eller fleire av desse landa, sier han. Blant de mest turistvennlige av landene han skriver om er Sao Tome og Principe, Sierra Leone og Mikronesiaføderasjonen.

Å reise øker 
forståelsen 
for andre

Share this article

Journalist

Related articles